I Verden i Bergen kan ein gjere nesten kva ein vil og det er dette som gjer det både spennende og litt skremmande. Som leiar er du med på å gjennomføre leiren, altså det praktiske når det kjem til planlegging. Vi arrangerer leikar, ser nye venskap vekse fram og passer på at ungane får ein kjekk sommerferie.
Ein vanleg dag begynner som regel med at dei frukostansvarlege står opp, lager kaffi og begynner så smått å forbrede dagen. Alle leiarane samlast, et saman og prater om kva som skal skje denne dagen. Kvelden før har vi planlagt dagen og gjort alt de praktiske som var nødvendig for å gjennomføre dei forskjellige aktivitetane. Ungane kjem rundt kl. 10 og det merker ein godt. Dei er fulle av energi og klare til å ta fatt på dagen. Vi stiller oss i ring og tar eit par energizers (små, kjappe leikar som får opp humøret og får i gang kroppen), før vi går vidare til ein litt lengre gruppeaktivitet som vi enten deler opp etter alder eller gjer samla. Det er lunsj midt på dagen før vi begynner med siste bolk som er interessegrupper. Her kan ungane velje fritt kva for ei gruppe dei har lyst til å vere med på. Dei tidligare åra har vi hatt alt frå sirkus, dans og drama, idrett, insektsutforskning og form og farge. Ungane reiser heim rundt kl. 16, leiarane et middag og gjer seg klare for å forbrede neste dag.
Sosialt leiarkos på kvelden og forbredelse til neste dag. Modellen er Hallgjerd (ein av leiarane på VIB 2013).