CISV Norge

CISV er en religiøst og politisk uavhengig barne- og ungdomsorganisasjon som arbeider for fred ved å skape større forståelse mellom mennesker fra ulike kulturer og nasjoner.

Høstferien 2016

Eit integreringsprosjekt og «put yourself in someone else’s shoes» 

I haustferien gjekk Verden i Bergen igjen av stabelen. På leiren var det 35 barn innom frå måndag til fredag. Vi hadde også 11 leiarar saman med oss. Vi inviterte barn frå mottaket i Ytre Arna og frå Landås. Det var også barn frå nærområdet i Ytre Arna og barn som har erfaring frå CISV. Temaet for veka var «put yourself in someone else’s shoes» eller det å kunne sette seg inn i og forstå andre sin situasjon. På morgonen hadde vi aktivitetar som var knytt til dette temaet. Vi hadde til dømes ein morgonaktivitet der alle barn og vaksne måtte bytte sko. Deretter skulle vi gjennomføre såkalla «running games» med desse skoene. Det vart mange artige situasjonar i denne leiken og ein kunne føle på kroppen korleis det, bokstaveleg talt, var å vere i nokon andre sine sko og kva for nokre utfordringar dette kunne medføre.

Vi var så heldige med strålande vêr alle dagane under leir. Dette måtte vi utnytte, difor gjekk vi ofte opp på fotballbanen å spilte fotball, badminton og hadde småleikar ute i haustsola. Siste dag av leir hadde vi avslutning med fest og dans. Alle barn og vaksne hadde laga ein dans som dei framførte for resten. Vi gler oss og håper at mange kan vere med på juleavslutningen som vi har planlagt den 1.desember.

Denne bildekrusellen krever javaskript.

Publisert 31. oktober 2016, 13:54 · Kategori: høst-ViB

Legg igjen en kommentar

E-postadressa di blir aldri publisert eller delt. Obligatoriske felt er merka *