CISV Norge

CISV er en religiøst og politisk uavhengig barne- og ungdomsorganisasjon som arbeider for fred ved å skape større forståelse mellom mennesker fra ulike kulturer og nasjoner.

Velkommen til kulturfest!

Denne veka er det stor aktivitet på Garnes. Barn frå Bergen og mottaka i Ytre Arna, Åsane, på Voss og Lindås er samla på aktivitetsleiren Verden i Bergen. Her er det leik og fart frå morgon til ettermiddag. Målet er å bli kjent med nye vener og ha det moro saman. Om formiddagen er barna samla til felles program, der leiarane har planlagt ulike aktivitetar som omhandlar tema som respekt for kvarandre, likeverd og forståing for ulike kulturar. Etter lunsj er barna delt i interessegrupper dei har valt sjølve, og er saman i mindre grupper for matlaging, sport, kunst og drama. Barna søv heime.

Til saman har over 30 barn vore samla for aktivitet og moro. I tillegg er det meir enn 20 frivillige leiarar som deltek, der 12 er med kvar dag og overnattar på leirstaden for å førebu neste dag. To av leiarane har kome heilt frå Colombia for å vere med på aktivitetsleiren. To andre er tidlegare asylsøkjarar sjølve som har deltatt på Verden i Bergen då dei var yngre. I alt er det mange ulike nasjonalitetar og språk som er samla denne veka.

Fredag 24. juni klokka 15-17 avsluttar me aktivitetsleiren med kulturfest. Deltakarane førebur eit program der me skal vise fram mykje av det me har lært og laga denne veka.

PÅMELDING: EG KJEM PÅ FESTEN

Velkomen til å vere med på festen vår!

Denne bildekrusellen krever javaskript.

Publisert 22. juni 2016, 13:21 · Kategori: sommer-ViB

Legg igjen en kommentar

E-postadressa di blir aldri publisert eller delt. Obligatoriske felt er merka *