CISV Norge

CISV er en religiøst og politisk uavhengig barne- og ungdomsorganisasjon som arbeider for fred ved å skape større forståelse mellom mennesker fra ulike kulturer og nasjoner.

Verden i Bergen – Hausten 2015

Har du nokon gong laga dine eigne masker? Eller laga piñata som du har knust i tusen bitar, ikledd fargerike kostymer? Eller har du kanskje prøvd å lage din heilt eigen film? Dette var nemleg berre nokre av aktivitetane som Verden i Bergen kunne tilby. Med mange initiativrike, kreative og livlege born var det godt at det var høgt under taket, for det var ikkje langt mellom høgdepunkta.

IMG_3608

Det var ikkje berre ungane som var travelt opptekne, og for leiarane gjekk det av og til for fort òg. Hovudsakleg då den i utgangspunktet nydelige tomatsuppa vi skulle ha til lunsj svidde seg så fast i gryta at den sikkert framleis sit der. Til sjuande og sist tykte borna dette var heilt ok, sidan dei då fekk heimelaga pizza i staden.

IMG_3548

For leiarane var det ei travel veke, men når ein ser utbyttet borna får av slike aktivitetar gjev det glede og inspirasjon til vidare arbeid. Verden i Bergen er eit viktig arrangement, der born frå Noreg og born som opphaveleg kjem frå andre land får høve til å møtast, prate saman og leike. Ein av kjerneverdiane til CISV er at born frå ulike kulturar skal kunne lære av kvarandre, og Verden i Bergen er eit godt døme på dette.

IMG_3535IMG_3638

IMG_3902 (1)IMG_3521

IMG_3525 (1)IMG_3731

Publisert 13. oktober 2015, 16:38 · Kategori: høst-ViB

Legg igjen en kommentar

E-postadressa di blir aldri publisert eller delt. Obligatoriske felt er merka *